HOME
-
ONLINE STORE
-
COLLECTORS BLOG
-
RECORD STORES
-
NEWSLETTER
-
LABEL
BUY RECORDS ONLINE!
Visit MusicStack! "We specialize in helping individuals, collectors and DJs locate hard to find music, rare vinyl records and used CDs".
MusicStack

Teddy Nelsen - Den gløymde legenda

Teddy Nelsen
This is a contribution from blogger Christian Bjørgen.

Vassendgutane, Sie Gubba, E-76 og Too Far Gone. Berre nokre av dei norske gruppene som har Teddy Nelson å takke. For sjølv om "Teddyen" sjølv ikkje lengre er i rampelyset, så lever arven etter han vidare i beste velgåande. Seinast i mai i år kom nok ei samleplate med dei gamle låtane ut. Og salstala syner at Teddy framleis er godt hugsa.

"Teddy" vart fødd Terje Nielsen, 23. august 1939 utanfor Fana ved Bergen. Han vaks opp som dei fleste andre på denne tida, med lite pengar og mykje hardt arbeid, noko som sto sentralt i fleire av låtane hans. Likevel, Terje var ingen inneslutta kar, han ville ut i verda og vise seg fram. Mora hans lærte han tidleg å spele gitar, og allereie som 16-åring hadde han sine første spelejobbar på ulike klubbar og foreningar rundt i Bergensområdet med sitt første band: Gille Swing. Det var i desse tider han òg tok til seg sitt artistnavn, det amerikaniserte og countryprega "Teddy Nelson". Nelson blei kjapt kjent for sin spesielle nasale vokal og hans humoristiske tekster i den ellers dystre countrysjangeren.

Nelson starta i 1962 sitt andre band, "The Apaches", og etter ei tid som populær danseattraksjon fekk dei platekontrakt med EMI Columbia i 1964, kor dei spelte inn ei rekke singlar. Den første, "Oh, Susie, Be Mine", kreditert til "Teddy Nelson & the Apaches" er i dag eit samleobjekt som går for fleire tusenlappar på auksjon. Nelson haldt fram, sjølv om the Apaches braut opp allereie året etter. Eit knapt dusin singlar blei det med EMI, den siste i 1970, før kontrakten gjekk ut. Då hadde Nelson spelt nokre år med sitt nye band, Western Jubilee.

Etter nokre nye år med turnebuss og samfunnshus returnerte Nelson til studio på Triola-labelen i 1974, då saman med bergensbandet "Flying Norwegians", eller Flyvende Nordmenn, som sjølv hadde hatt suksess i nokre månadar. Bandet besto blant anna av Gunnar Bergstrøm og Rune Walle frå SAFT (sistnevnte seinare med Ozark Mountain Daredevils) og Cato Sanden, som seinare fekk Spellemannspris i 1986 som soloartist. Den nye konstellasjonen av bergensmusikarar vart svært populær, og i 1976 kom deira første plate: "Diggy Liggy", som solgte til sølvplate i 1976-77. Deretter kom platene på løpande bånd; "Jippi Tai Ooh" i 1977 (spelt inn og miksa på to vekers pause i turnelivet), "Point of Departure" i 1978 (den første engelskspråklege plata) og "Teddy Nelson" i 1979, sistenevnte òg med sølvplate.
Teddy Nelsen
Same året bestemte "Flying Norwegians" for å satse på solokarierren (dei hadde trossalt gitt ut tre plater til god kritikk utan Nelson), og Nelson valde då å dra til Nashville for å prøve lukka der. Det gjekk over all forventning, og i 1980 blei han første nordmann (og skandinav) til å spele i Grand Ole Opry, noko han gjorde fleire gonger dei neste åra. Samstundes spela han inn to plater i Nashville; "Weaver of Dreams" og "Nashville in my Heart". Han returnerte til Noreg i 1981, og spelte inn si neste norske plate, "I Lusekofte og Sixpence" på eigen label: Buffalo Records, og det vart hans første gullplate i heimlandet.

Dei neste åra haldt Nelson fram med det hektiske turnelivet med sitt nye "Diggy Liggy Band", samstundes som han spela inn plater med jamne mellomrom, "Looking for the Good Times" i 1983, "Honky Tonk Man" i 1985 (som fekk gullplate) og "10 Teddy" i 1986. I 1985 fekk han òg sin største hit, "Skilsmisseferd i Hardanger", som vart svært populær på radio. Av NRK blei han kåra til "årets radioartist" tre år på rad frå 1985-87. På slutten av 80-tallet drog Nelson nok ein gong til Nashville og spelte inn si ellevte plate: "American Dreamer". Plata vart svært godt mottatt både i USA, Noreg men òg i Europa elles, og både i 1989 og -90 fekk han den gjeve prisen "Male Country Singer of the Year" på Country Music Roundup i London.

I 1990 starta Nelson opp eit samarbeid med den amerikanske countrylegenden Skeeter Davis, som han hadde opptredd saman med fleire gonger før sidan dei møttest i 1979. Dei spela inn tittelsporet "Millions of Miles" frå hans tolvte plate saman, ein duett som blei svært populær på singel og radio både i USA og Noreg. Suksessen inspirerte dei til å spele inn ei heile plate saman, "You Were Made for Me", året etter. Det skulle derimot bli Nelsons siste plate.

I tidlig 1991 blei Nelson diagnosert med kreft etter å ha vore sjuk ei tid. Det la derimot ingen dempar på musikken, og Nelson turnerte aktivt mellom behandlingane, både i Noreg og Europa. Dei siste åra hadde han vorte særleg populær i Danmark, og han spelte jamnt på festivalar der. Det var i Aalborg i Danmark på turne han var, då han sovna inn bak scenen den 8. august 1992, medan han kvilte på ein sofa. Han var 52 år gammal.

Sidan Nelsons død har hans musikk levd vidare gjennom dei mange banda som speler songane hans, og ikkje minst gjennom sonen Rudi Nelson, som har vidareført musikken på på scene og plater sidan 1999. I 2002 vart det i Sandefjord arrangert stor minneskonsert for Teddy i anledning 10-årsjubileet for hans død, kringkasta på NRK med Vidar-Lønn Arnesen som vert, og i 2014 blei det i anledning hans 75-årsdag opna ei ny webside: "DiggyLiggy.net", som blant anna arbeider med digitalisering av gamle videoar, bilete og opptak. At Nelson er populær framleis er det ingen tvil om, og når hans bestselgande plate "Honky Tonk Man" blei gjenutgitt i 2005, forsvann ho frå hyllene på rekordtid. Plateselskapet klarte ikkje å produsere nok!
Socialize
What next?
More from the Collectors Blog
Write a blog post!
Go to the Record Store Section
⇙ Comment Teddy Nelsen - Den gløymde legenda